Ny rektor i to års vikariat hjå Møre barne- og ungdomsskule Skodje
Hausten 2020 er ny rektor på plass hjå Møre barne-og ungdomsskule Skodje. Stillinga er eit to års vikariat og den tilsette er Lars Johan Stokken.
Noverande rektor Ingrid Kvam Steinshamn skal ut i to års permisjon for å arbeide med skuleutvikling. I mellomtida tek Lars Johan Stokken over stafettpinnen for å lede den kristne friskulen i Brusdalen.
Den 51 år gamle rektorvikaren er gift og har tre born. I dag er han tilsett som lærar ved Vestborg vgs på Stranda og har tidlegare vore lærer på Stette-og Vatne barneskule og Vatne ungdomsskule. Han har fleire års erfaring som mentor og rådgjevar i fotballsamanheng og i rekrutteringsprosessar for NLM-skulane. I tillegg har han arbeidd som frilansjournalist og oversettar.
-Det er med stor glede eg takkar ja til vikarstillinga som rektor ved Møre barne-og ungdomsskule Skodje. Eg gler meg til å jobbe saman med born og unge i alderen frå 6 til 16 år, og eg ser fram til å få samarbeide med eit kollegium eg har høyrt mykje positivt om, seier Lars Johan som i dag er busett i Skodje.
Saman med leiar-og administrasjonsteamet vil han få leie skulen inn i ei spanande tid med ny læreplan, skuleutvikling og nytt bygg på agendaen.
-Det er spanande og kanskje litt skummelt å skulle låne frå seg rektorstolen for ei tid. Det er nemleg ein fantastisk skule og arbeidsplass som eg har blitt veldig glad i, og som eg er stolt over at andre skal få lov til å oppleve –samstundes som eg veit eg kjem til å sakne det enormt mykje. Så får vi håpe at eg får høve til å samarbeide med Møre Skodje også i skuleutviklar-rolla eg no skal inn i, avsluttar noverande rektor, Ingrid Kvam Steinshamn.