Administrasjonsleiar på plass!

Denne hausten startar ny administrasjonsleiar på Møre Barne- og ungdomsskule Skodje. 
Ein spennande kvardag i et dynamisk og aktivt skulemiljø passar han midt i blinken.
Skule er ikkje noko nytt for den nytilsette administrasjonsleiaren på Møre Barne- og ungdomsskule Skodje. Lars Johan Klokk har i ei årrekke vore tilknytta Ålesund Folkehøgskule som inspektør og lærar. Det siste året har han hatt stilling som rektor og arbeidd med etableringa av den nye folkehøgskulen i Ørskog. Sidan oppstart av folkehøgskulen vart utsatt eit år har han takka ja til ei deltidsstilling som administrasjonsleiar på Møre. Her vil han arbeide tett saman med leiar- og administrasjonsteamet som frå hausten vert leia av Lars Johan Stokken som nytilsett rektor.

- Vi gler oss over å få låne Lars Johan til å bistå i administrasjonen til skulen denne hausten - han er allereie i gang med innføring og opplæring her i Brusdalen, forteller rektor Ingrid Kvam Steinshamn.

På spørsmål om han gler seg til å starte i jobben seier han:

- Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an. Om nokon vil seie dei trur at eg kan!, smiler 52-åringen som opphavleg kjem frå Sykkylven og er busett på Emblem. Sitatet er henta/lånt frå diktet "Eg kan" av Ingvar Moe. 

Klokk vil starte delvis opp før sommaren for å gjere klart til elevinntaket og dagleg drift frå august 2020.

28. desember 2024
Vi har ledig stilling som teiknspråktolk og miljøterapaut
Av Ingrid Steinshamn 15. desember 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
Av Ingrid Steinshamn 2. desember 2021
Vi har ledige vikariat inneværande skuleår.
24. juni 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24. juni 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12. juni 2021
Elevane i 10. klasse har vore på skuletur rundtom i fylket vårt.
12. juni 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
8. juni 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
8. juni 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29. mai 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Show More