Blog Layout

Vi har ledig stilling som teiknspråktolk

Vi søkjer no etter - Teiknspråktolk


Vi søker etter ein teiknspråktolk. Ansvaret vil vere å fylgje ei klasse på barneskulen og vere tolk i klasserommet.

Stillinga er midlertidig frå 01.08.24 – 31.07.25, med moglegheit for forlenging. Stillingsstorleiken er på 80% fordelt over fire arbeidsdagar (månd.-fred.).

Ønska kvalifikasjonar og utdanning:

  • Utdanning som teiknspråktolk


Personlege eigenskapar:

  • Har godt humør og gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer godt med born og vaksne

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tolking i klasserom
  • Samarbeide med team på trinnet
  • Delta på relevante møter, arrangement og kontaktmøter
  • Vere med i utviklingsarbeid

 

Me tilbyr:

·      Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar

·      Løn etter tariff og ansiennitet

 

Å drive ein kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med levande kristendom på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen. Den som blir tilsett, må også kunne leggje fram politiattest.

Spørsmål om stillinga kan rettast til: post@moreskodje.no

Søknadsfrist: 07. juni 2024

Søknad med CV sender du
pr. e-post:              post@moreskodje.no
eller pr. post:        Møre barne- og ungdomsskule Skodje

v/Hilde Renate S. Sleveland
Brusdalsvegen 750

         6260 Skodje                                 


Merkast med "søknad"

28. desember 2024
Vi har ledig stilling som teiknspråktolk og miljøterapaut
Av Ingrid Steinshamn 15. desember 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
24. juni 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24. juni 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12. juni 2021
Elevane i 10. klasse har vore på skuletur rundtom i fylket vårt.
12. juni 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
8. juni 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
8. juni 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29. mai 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Av Lars Johan Stokken 7. mai 2021
Fredag vart det arrangert misjonsløp til inntekt for Åpne Dører sitt arbeid.
Show More
Share by: