Blog Layout

Tiande trinn har vore på klassetur i vårt eige fylke denne veka. Då smittevernet tilsa at vi ikkje fekk reise til Krakow/Auschwitz slik vi brukar å gjere i tiande klasse, la vi opp til ein tur med fokus på andre verdskrig/menneskeverd i eige fylke. Dette inkluderte ei flott omvisning på Ergan kystfort i Bud, og besøk på Ålesunds museum, der vi mellom anna fekk høyre om Steinfeldfamilien, den einaste fastbuande jødiske familien som budde i Ålesund då krigen starta. 


I tillegg har vi vore på rib-tur og solnedgangstur ved Atlanterhavsvegen, paintball i Molde, escaperoom, badeland og klatrehallen i Ålesund. No er vi tilbake, fulle av inntrykk og gode opplevingar. Ein fantastisk måte å runde av ti år grunnskule på!


28. desember 2024
Vi har ledig stilling som teiknspråktolk og miljøterapaut
Av Ingrid Steinshamn 15. desember 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
Av Ingrid Steinshamn 2. desember 2021
Vi har ledige vikariat inneværande skuleår.
24. juni 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24. juni 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12. juni 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
8. juni 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
8. juni 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29. mai 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Av Lars Johan Stokken 7. mai 2021
Fredag vart det arrangert misjonsløp til inntekt for Åpne Dører sitt arbeid.
Show More
Share by: