Kvifor kristen friskule i 2020?

Det er ulike grunner til at fleire i dag vel vår skule for sine born og ungdommar. Nokon vel skulen vår først og fremst fordi det er ein kristen skule. Andre vel oss fordi det er ein god skule med godt læringsmiljø og god trivsel.
Trivsel og læring
Vi ynskjer å tilby eit alternativt skuletilbod til den kommunale skulen med fokus på den kristne historia og kulturarven som tilhørar landet vårt. Som skule vil vi hjelpe foreldre med utdanning og danning av barn og ungdommer i Ålesund og omegn. Dette gjer vi ved å bruke undervisningspraksis som er tett knytt opp til læreplanar, forsking og tverrfagleg profesjonsfellesskap. 

For at elevane skal lære best mogleg, arbeider vi systematisk med innlæring av nye/ukjente begrep, noko som gjev betre læreforståing og progresjon i læringa. Forsking viser at dette er med å førebyggja lærevanskar. Borna vert meir fokuserte, hugsar betre og får større motivasjon for læring. Vi har ansatte med spesialkompetanse på ei rekke ulike områder for å gi elevane eit best mogleg tilbod og syte for at kvar einskild får tett oppfølging heile vegen frå skulestart til overgang frå ungom- til videregåande skule. 

Nøytral skule?
Ingen skular er nøytrale. Alle formidlar tru og livssyn, men KVA som vert formidla kan vere nokså ulikt. Sunnmøre Indremisjon har vore ein god samarbeidspartner og pådrivar for alle Møre-skulane sidan 1996. På Møre barne- og ungdomsskule Skodje vil vi vere ærlege og tydlege på kva innhald og verdiar som vert formidla. Skulen er ein grunnskule frå 1.-10. klasse med kristen formålsparagraf og eigen læreplan i kristendomsfaget, godkjend av Utdanningsdirektoratet. 

Den kristne historia, bibelfortellingane og kulturen er ein viktig og positiv del av skulekvardagen. Fagfornyinga 2020 (ny læreplan), rammer og gode verktøy frå Utdanningsdirektoratet og andre læringssenter er også ein naturleg del av kvardagen vår. Vi har fokus på dei grunnleggande ferdighetene og arbeider for å styrka kompetansen og sikre god progresjon for alle elevane våre. 

Menneskeverd
Dei som arbeider på skulen er viktige førebilete for elevane både på skulen og privat. Ein skal på ein positiv måte hjelpa elevane med dei utfordringane som livet gjer. Det inneber at ein viser elevane respekt og bidrar til at dei utviklar eit sunt sjølvbilete. Vi trur at alle menneske er skapt i Guds bilete og har derfor same menneskeverd. Dette inneber at sjølv om det kan vera store skilnader og føresetnader hjå kvar einskild er alle like mykje verd, og dette er ein verdi vi ynskjer å løfte tydeleg fram. 

Alle våre ansatte har ei unik bredde av kompetanse og erfaring, som vi stadig arbeider med å kunne knytte best mogleg til beste for elevane våre. Vårt mål er å gje utdanning, haldningar og kristne verdiar til framtidas vaksne.

28. desember 2024
Vi har ledig stilling som teiknspråktolk og miljøterapaut
Av Ingrid Steinshamn 15. desember 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
Av Ingrid Steinshamn 2. desember 2021
Vi har ledige vikariat inneværande skuleår.
24. juni 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24. juni 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12. juni 2021
Elevane i 10. klasse har vore på skuletur rundtom i fylket vårt.
12. juni 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
8. juni 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
8. juni 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29. mai 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Show More