Den 15. januar klokka 17.00 har vi åpen skule!
Vi ønsker å vise fram skulen vår som no ligg i sentrum av nye Ålesund kommune, i harmoniske omgjevnader i Brusdalen. Difor inviterer vi alle til åpen skule hos oss onsdag den 15. januar klokka 17.00. Her får du eit innblikk i vår skulekvardag med fokus på kva vi lærer, kven vi er og kvifor vi meiner det er viktig å drive ein kristen friskule i 2020. Vi ynskjer å vise fram lokala våre og samstundes informere litt om kva vi tenkjer for framtida med kjøp et ny tomt og planlegging av nytt skulehus.
Skule for framtida
Som skule ynskjer vi å rigge oss for framtida med visjon om å skape landets beste barne- og ungdomsskule sentralt i den nye storkommunen. Vi bygger skule på eit kristent fundament med menneskeverd og respekt for andre forankra i våre verdiar. Vi bygger ein skule kor elevane blir sett og får tett oppfølging av kompetente lærarar som alle deler våre verdiar og formidlar desse vidare til elevane. Med ny læreplan
går vi på djupet i kunnskapen med gode og trygge rammer forankra i eit kristens menneskeskyn. Du kan lese meir om våre verdier her
og du kan også sjekke ut vår facebookside
for nyheiter og løpende informasjon om kva som skjer. Skulen ligg i Brusdalsvegen 750. Du kan følge E39 og ta av mot Reiakvam eit lite stykke før Digerneset. Då følger du vegen 200 meter og tar av første avkøyrsel til høgre. Sjå kartet under eller følg linken her.