Vi rigger oss for framtida
Fredag 6. desember overtok Møre Barne- og ungdomsskule eigendomen dei har kjøpt i Brusdalen. Det har vore ei etterlengta avslutning på ei lang avklaringsprosess.
- No kan vi endeleg fortelle framtidige elevar og foreldra deira kvar skuletomten vår er, fortell rektor Ingrid Kvam Steinshamn hos Møre Barne- og ungdomsskule Skodje i Brusdalen.
Skulen er på femte driftsåret med ei veksande elevmasse komande haust. Fram til no har skulen leigd bygningsmassen til gamle Brusdalen Skule, men har sidan sommaren vore i konkrete forhandlingar med Skodje kommune om kjøp av tomta dei driv skule på.
- For oss har det vore naudsynt å avklare skuletomt grunna auka elevmasse og framtidig satsing. Vi ynskjer å legge til rette for vidare vekst samtidig som vi utviklar skulen med tanke på dei endringane som skjer i samfunnet. Dette er både knytt opp mot ny læreplan og det heilhetlige fokuset vi har som kristen friskule, fortsetter Steinshamn.
I sentrum av storkommunen
Som etablert friskule i Skodje kommune har elevmassa hovudsakelig kome frå Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund. Med befolkningsauke og kommunesamanslåing har Steinshamn tru på at skulen vil få ein naturleg tilvekst frå nærområdet, samtidig som dei ynskjer å vere kjend for tett elevoppfølging og eit godt skulemiljø tufta på eit kristent menneskesyn.
- Vi legg jo tydeleg merke til den eksplosive veksten på Digerneset og området rundt. Pilene peiker oppover og det er allereie starta etablering av tomter til bolegformål i same område. Slik vi ser det vil Digerneset bli eit naturleg sentrum for mange i den nye storkommunen, og då har det vore ønske frå oss, og foreldregruppa vår, at vi posisjonerer oss i nærleiken med eit godt skuletilbod, seier rektoren.
Framtidsplanar
Styret har dei siste fem åra arbeidd med å finne permanent plassering for skulen. Det har vore spelt inn fleire ulike tomte og bygningsforslag til arealplansarbeid og kommuneplanarbeid. Ingen av desse forslaga har vorte tatt vidare, men det har vore anbefaling frå politikarar i Skodje kommune om å etablere og drive skulen nettopp her i Brusdalen. Både styret, personalet og foreldregruppa ser på Brusdalen som ein god stad å drive skule.
- Vårt mål er å drive ein skule der kvar einskild elev vert sett og følgt tett opp av engasjerte lærarar. På den måten skaper vi gode og trygge læringsmiljø kor elevane vert trygge på seg sjølv og utrusta for det livet bur på i åra som kjem. Vår beliggenheit er nokså unik med tanke på alle moglegheitene vi har i nærområdet rundt oss. I tillegg har vi ein stab beståande av svært kompetente lærarar, spesialpedagogar og miljøterapeutar som sørger for at elevane får den hjelpa dei treng, uansett kva slags grunnlag dei har, avslutter rektor Ingrid Kvam Steinshamn ved Møre Barne- og ungdomsskule Skodje.