Blog Layout

På Møre Skodje blei det fredag arrangert misjonsløp til inntekt for Åpne Dører. Elevane hadde ansvar for å skaffe sponsorar. Pengane som vart samla inn går til Åpne Dører. 

 

Helge Åkernes i organisasjonen var heiande og heilhjarta til stades under løpet.

 

-       Dette er fantastisk! Elevane viser stort engasjement. Dette er veldig bra!

 

I løpet av veka har elevane arbeidd med prosjektet.

 

-       Vi som har hatt ansvar for opplegget denne veka har ynskt å setje elevane inn i dei utfordringane det er å vere born av forfølgde kristne. Mellom anna har vi hatt fokus på eit nytt problem som har dukka opp under pandemien: Dei kristne får ikkje same nødhjelpa som andre får. Dei er bakerst i køen, seier Helge.

 

Elevane har også lært meir om andre land og om ulike land sitt flagg. 

 

-       Det er fantastisk at misjonsveka kan kuliminere i eit sånt engasjement under misjonsløpet.

 

Elevane sprang kohort-vis, og det ivrige personalet var enten med i arrangør- eller heiagjengen – eller sprang sjølve.


På bileta så ser ein dei yngste elevane før start, samt engasjerte lærarar.


Av Ingrid Steinshamn 15 Dec, 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
Av Ingrid Steinshamn 02 Dec, 2021
Vi har ledige vikariat inneværande skuleår.
24 Jun, 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24 Jun, 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12 Jun, 2021
Elevane i 10. klasse har vore på skuletur rundtom i fylket vårt.
12 Jun, 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
08 Jun, 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
08 Jun, 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29 May, 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Av Lars Johan Stokken 07 May, 2021
Ny søknadsfrist for elevopptak er 1. juni.
Show More
Share by: