Ein kristen friskule i Skodje kommune

Møre barne- og ungdomsskule Skodje er den tredje Møre-skulen på Sunnmøre.
Skuleeigar, Sunnmøre Indremisjon, har vore ein god samarbeidspartnar og eigar for desse skulane sida 1996.

Ingen skular er nøytrale, alle formidlar tru og livssyn – men KVA kan vere nokså ulikt. 
På Møre barne- og ungdomsskule Skodje vil vi vere ærlege og tydlege på kva innhald og verdiar som vert formidla.

Skulen er ein grunnskule med kristen formålsparagraf og eigen læreplan i Kr.domsfaget, godkjend av Utdanningsdirektoratet. Øvrige fag og skuletilbod gjeld på lik linje som offentlege skular.

Vi vektlegg høg fagleg og pedagogisk kvalitet i all undervisning og anna arbeid ved skulen!

Skulen har NULLTOLERANSE for mobbing og vil arbeide aktivt for HØG trivsel både for elevar og personale.

Møre barne- og ungdomsskule Skodje vil gjerne hjelpe foreldre med utdanning og utrustning av sine born til å verte framtidas trygge og sjølvstendige vaksne!

Skulen vart starta opp i august 2015 i leigde lokalar i Brusdalen (Skodje kommune),
og tek i dag imot elevar på 1. – 10.trinn.