KLASSETRINN

SMÅTRINNET (1.-4.trinn)

Den viktige begynneropplæringa

Forsking viser at positive opplevingar dei første åra på skulen, har stor betydning for korleis barnet lære og oppfattar si eiga læreevne seinare i skulen. Dei minste elevane har behov for mykje leik og høve til å utfolde seg, dette for å styrke læringa både i skuletida og heime. Difor nytter vi mykje av skuletida til stasjonsbasert undervisning, leike/ute-timar, begrepsinnlæring via både digitale - og konkrete hjelpemiddel. 

Det vert lagt godt tilrette for leik og læring i eit naturleg og tett samspel, i tillegg til godt samarbeid med SFO (skulefritidsordning), så vert dei yngste elevane godt tatt vare på medan dei er på skulen.  

MELLOMTRINNET (5.-7.trinn)

Grunnlaget for mestring og læringsglede

For mange elevar er mellomtrinnet dei skuleåra der elevane prøver ut og gjer seg kjend med den kunnskapen og dei læringsstrategiane dei har fått ila småtrinnet. Mange elevar opplever meistring og glede over progresjon og kunnskap. Men sjølv om dette er ei tid for auka læring, så er samtidig behovet for leik og utfalding framleis synleg tilstades. Elevane på mellomtrinnet får difor tilbod om å delta i skulens leikepatrulje, som tek ansvar for aktivitetar i friminutta for heile skulen. Dei har ekstra timar pr veke til fysisk aktivitet (timeplanfesta), og dei får sine første erfaringar med å delta i elevråd og auka medbestemming på skulen. 

For nokon elevar er mellomtrinnet ei vanskeleg tid, fordi læringa er krevande og progresjonen ikkje går slik ein ønsker. Vi vil legge godt tilrette for tett samarbeid med heimen for å hjelpe elevar som opplever læringa vanskeleg. Det er mykje hjelp å få - om ein berre snakkar saman. 

UNGDOMSTRINNET (8.-10.trinn)

Å kunne oppleve å nå måla sine

Ungdomsskule er ei viktig læringstid - og for mange elevar så er det først når dei kjem på ungdomsskulen at dei verkeleg får erfare kva dei kan og kva dei ikkje kan. Det er nye vurderingsmetoder, og dei får sitt første møte med karakterar. Dette er ei sårbar læringstid, og vi arbeider konkret med å styrke både eleven og læringsmetodane for at eleven sjølv skal få oppleve progresjon og kompetanse i sin kvardag. 

Vi nyttar gode verktøy, som datamaskin til kvar elev (Mac), Lingpilot og andre læringsprogram som hjelper eleven å styrke dei grunnleggande ferdighetene sine. I tillegg til variert og tilrettelagt undervisning, sosialt samhold og engasjerte lærarar, rådgjevarar og miljøarbeidarar. 

Vi ser aukande resultater på både nasjonale prøver, eksamenar og standpunkt/vitnemål - som kan vere ei indikasjon på at godt arbeider og samarbeid med heimen bidreg til å auka kompetansen til eleven. 
Share by: