SFO

SKULEFRITIDSORDNING

SFO er open morgon 07.15 - 08.45 og ettermiddag 12.30/13.25/14.10 – 16.30.

Vi følger skuleruta, men kan tilby dagar i skulefrie periodar der det vert 5 eller fleire påmeldte.
Vi har lokaler midt i hjartet av skuleområdet, og i kort avstand til småtrinna sine klasserom.
SFO er borna si fritid. Vi legg til rette for ulike aktiviteter og leikemuligheter som tener til borna si oppleving av fritid, og som samstundes bidreg til samhold mellom borna på SFO. 

Skulen sine fasiliteter, både inne og ute vert nytta når det er ønskeleg og teneleg 

i møte med aktivitetane på SFO. 


Leiar på SFO heiter Olgunn Oksavik - og ho har med seg eit flott team av dyktige medarbeidere. 

Søk plass på SFO i dag!

Alle barn frå 1.-4.trinn kan få SFO-plass

Om det er behov kan også barn frå 5.-7.trinn søke om plass på SFO.
TA KONTAKT MED SFO

VEDTEKTER

Reglane og vedtektene til SFO er skildra i dokumentet under. Her finn du informasjon om ulike deler av drifta, og kva rammer og rutiner som vi har lagt til grunn for dette tilbodet. 

Her er oversikt over kva foreldre og elevane må ta ansvar for, og kva som er skulen og SFO sitt ansvar. Sjå meir informasjon i dokumentet under. 

Vedtekter for SFO

ULIKE SFO-tider

Det er varierande kor mange timar dei ulike familiane har behov for SFO. Difor har vi ulike tilbod til plass-type, som er avgrensa til ulike antall timar pr veke. Vi ønsker å legge godt tilrette for familiane, slik at de får det SFO-tilbodet som de treng. Sjå gjennom oversikten i dokumentet under - og ta kontakt med oss om du har spørsmål. 


Oversikt SFO-tider

KOSTNADER

Kostnaden til SFO varierer ut frå kor mange timar de velger for barnet. Vi har gode rabatter for søsken, og det er også muleg å kjøpe fleire enkelttimar, eller endre SFO-plassen iløpet av skuleåret dersom det er behov for det. 
Sjå meir informasjon om priser i dokumentet under. 



Oversikt SFO-kostnader
Share by: