Blog Layout

Vi har ledige stillingar som lærar/spesialpedagog

Vi søkjer no etter - lærar, spesialpedagog eller lærar med erfaring med spesialpedagogisk arbeid


Vi søker etter dyktige lærarar og/eller spesialpedagoger med erfaring frå skulen.
Møre barne- og ungdomsskule Skodje arbeidar målretta med å utvikle ein god skule med utdanning og opplæring som kan sette gode spor i elevane våre. Profesjonsfelleskapleg samarbeid om fagfornyinga (LK20), dysleksivenleg undervisning, tilpassa opplæring, inkludering og fokus på eit godt skulemiljø er noko du som som lærar og/eller spesialpedagog vil kunne vere ein del av.
Stillingsstørrelsen kan verte inntil 100%, og det kan bli høve for fast stilling. Oppstart etter avtale.

 

ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Spesialundervisning knytta til enkeltelevar og lita gruppe
  • Undervisning i gitte fag (etter kompetanse og utdanning)
  • Kontaktlærarerfaring er ønskeleg
  • Delta i det pedagogiske teamarbeidet og utviklinga av opplæringa ved skulen

Det sjuande skuleåret vårt er godt i gang, og med stadig nye elevar til skulen vår så har vi innhaldsrike dagar. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.


Å etablere og drive ein kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med vekt på kristen verdiformidling på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.

Spørsmål om stillingane kan rettast til: rektor@moreskodje.no eller ingrid.steinshamn@moreskodje.no


Søknadsfrist: 1.februar 2022

Utanom ordinær CV inkl. både utdanning og arbeidserfaring, så kan du som søkar gjerne fortelle noko om :

  • Skildre erfaring innan undervisning og/eller spesialundervisning
  • Engasjement/interesser utanom arbeid
  • Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein kristen friskule


Søknad med CV sender du til 
rektor@moreskodje.no 
eller pr post:   
   
Møre barne- og ungdomsskule Skodje
         v/ rektor Håkon Hovda
         Brusdalsvegen 750
         6260 Skodje

Av Ingrid Steinshamn 15 Dec, 2021
Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50
24 Jun, 2021
Foreldre-gruppa har måla garderobene.
24 Jun, 2021
Det vart gode krefter i sving for å lage sykkelbanen.
12 Jun, 2021
Elevane i 10. klasse har vore på skuletur rundtom i fylket vårt.
12 Jun, 2021
6.-7. klasse har vore på leirskule i Stryn.
08 Jun, 2021
Denne veka reiser elevar både på leirskule og skuletur.
08 Jun, 2021
Joanna Pawliczuk har tre born som skal byrje på Møre Skodje til hausten.
29 May, 2021
Her er ei liten presentasjon av skulen sine nye leiarar.
Av Lars Johan Stokken 07 May, 2021
Fredag vart det arrangert misjonsløp til inntekt for Åpne Dører sitt arbeid.
Av Lars Johan Stokken 07 May, 2021
Ny søknadsfrist for elevopptak er 1. juni.
Show More
Share by: