VELKOMMEN

Møre barne- og ungdomsskule Skodje

KRISTEN FRISKULE I BRUSDALEN

Lær den unge den vei han skal gå, så forlet han den ikkje når han vert gamal.

Møre barne- og ungdomsskule Skodje er den tredje Møre-skulen på Sunnmøre.

Den ligg vakkert plassert i Brusdalen i Ålesund kommune, 5-10 min kjøring frå Moa eller Digerneset.


Ingen skular er nøytrale, alle formidlar tru og livssyn – men KVA som vert formidla kan vere nokså ulikt. Sunnmøre Indremisjon, har vore ein god samarbeidspartnar og pådrivar for alle Møre-skulane sidan 1996. På Møre barne- og ungdomsskule Skodje ynskjer vi å vere ærlege og tydelege på kva innhald og verdiar vi formidlar, og kva dei er tufta på. Det trur vi gjev ein tryggheit til både foreldre og elevar.


Skulen er ein grunnskule med kristen formålsparagraf og eigen læreplan i kristendomsfaget, godkjend av Utdanningsdirektoratet. Øvrige fag, skuletilbod og skulehelseteneste gjeld på lik linje som offentlege grunnskular.


Vi vil gjerne hjelpe foreldre med utdanning og utrustning av sine born til å verte framtidas trygge og sjølvstendige vaksne! Vi vektlegg høg fagleg og pedagogisk kvalitet i all undervisning og anna arbeid ved skulen!

Ønsker du å kome på besøk og bli litt betre kjend med oss,
så ta gjerne kontakt!

UTDANNING

Ein kristen friskule - er ein "heilt normal skule", men der ein ikkje ønsker å vere nøytral i formidling av kunnskap og kjennskap til tru og livssyn. Den kristne historia, bibelfortellingane og kulturen er ein viktig og positiv del av skulekvardagen. Fagfornyinga (2020), rammer og gode verktøy frå Utdanningsdirektoratet og andre læringsenter er også ein naturleg del av kvardagen vår. Vi har fokus på dei grunnleggande ferdighetene, og arbeider for å få styrka kompetansen og sikre god progresjon for alle elevane våre. 
LES MEIR

LÆRINGSMILJØ

Elevane våre kjem frå heile nye Ålesund kommune,
tidlegare Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund.
Det bidreg til eit læringsmiljø som er prega av nye venskap. 

Det vil vi gjere til ei positiv styrke for miljøet vårt.

Helsesøster, rådgjevar og sosiallærar ved skulen - i tillegg til eit tverrfagleg team med ulike faginstansar - bidreg til å styrke

kompetansen ved skulen, og er til hjelp og støtte for elevar og foreldre som ønsker det gjennom året.

Eit godt og trygt skulemiljø er veldig viktig for oss

- og sjølv om vi veit at det er mange av elevane våre som trives,

så arbeider vi stadig med å sikre oss gode metodar for å fortsette å bygge ein læringskultur og eit miljø der ALLE elevane våre kan vekse og trivast i. Eit godt samarbeide med foreldra og elevane våre er ein av dei beste metodane vi har erfart så langt.

LES MEIR

#moreskodje

Barneskulen er delt opp i "Småtrinn" og "Mellomtrinn",
og er delt opp i aldersblanda klasser/trinn. "Ungdomstrinnet" er delt opp i ein klasse pr trinn,
og har plass til større grupper enn på barneskulen.  
quotesArtboard 1
Share by: