
SPESIALPEDAGOG, SAMT TILKALLINGSVIKARAR
IMF Sunnmøre (tidlegare Sunnmøre Indremisjon) er eigar av skulen, og er også eigar av Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule på Søre Sunnmøre.
Vi søkjer no etter
1) Spesialpedagog i fast stilling.
Vi er i ein prosess for å bli ein dysleksivenleg skule og søkjer ein spesialpedagog med LOGOS-sertifisering eller som er villig til å bli sertifisert.
(Det kan også bli aktuelt å tilsetje fleire spesialpedagogar i fast stilling/vikariat)
Stillingsstorleikar: Inntil 100 %.
2) Tilkallingsvikarar til skule og SFO
Spes.pedagog-stillingane gjeld frå 1.8.21
Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Søknadsfrist: Torsdag 8.4.21
Utanom ordinær CV, så kan du som søkjar gjerne fortelje noko om:
- Engasjement/interesser utanom arbeid
- Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein kristen friskule
Skulen er lokalisert i Brusdal i Ålesund kommune.
Velkomen som søkjar!
Og blir du tilsett, så blir du ynskt velkomen i eit uvanleg triveleg kollegium! :-)
Har du spørsmål? Send mail, eller ring 71 70 70 51.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.
Søknad med CV kan du sende til rektor@moreskodje.no