Elevane i 6./7. trinn har i haust vore med på First Lego League. Det var eit åtte veker langt prosjekt med temaet RePlay – å finne tilbake til leiken.
Klassen blei delt i tre grupper, men før dei jobba i grupper laga dei i fellesskap denne problemstillinga: «Korleis kan teknologi hjelpe dei eldre som bur heime til å bli meir fysisk aktive?»
Den eine gruppa jobba fram ei løysing på det. Gruppa laga ein demo-app som kan hjelpe dei eldre til å bli meir fysisk aktiv.
Den andre gruppa programmerte robot-køyring med legofigurar som var i tråd med problemstillinga.
Den tredje gruppa sørga for marknadsføring, skaffa sponsorar og laga stand.
Dei ulike gruppene presenterte produkta sine for dei andre elevane på barneskule her på tunet via videooverføring.
Under finaledagen i november så følgde 6./7. trinn med på den direkte overføringa av finalen frå NMK i Ålesund. Då var det finalefest med brus og kaker.
Av dei 33 skulane som med i konkurransen frå regionen, så vart gjengen vår ein av fem skular som vart nominerte til å vinne "Prosjektprisen". Denne prisen gjekk til det laget som gjennom sitt arbeid Viste at dei verkeleg fullt hadde forståing for årets tema. Det blei ikkje seier på gjengen vår, men å bli topp 5 av 33 skular er ein prestasjon i seg sjølv.
Vi gratulerer!