Støtt skulen

Om du ønsker å gje ei gåve (med skattefrådrag) til skulen kan du nytte vår

gåvekonto: 8220.02.80632
MERK med «Gåve til Møre barne- og ungdomsskule Skodje.

FAST GJEVARTENESTE MED SKATTEFRÅDRAG
For fast gjevarteneste fyll ut skjemaet: Skjema Fast Gjevarteneste
og send det til Indremisjonsforbundet.

Det vil vere kjærkome for skulen å ha mange venner som er med på fast gjevarteneste, og frå nyttår 2015 er maksbeløpet for gåver med skattefrådrag auka til kr 20.000 pr. år.
Ver med og støtt skulen!

Har de spørsmål til ordninga, ta kontakt med på tlf. 56 31 42 44.

Kvifor fast gjevar ?
Å gje til eit prosjekt ein brenn for via fast gjevarteneste vert meir og meir vanleg.
Det er mange fordelar med denne typen gjevarteneste, både for deg som gjev og for oss som skal motta. På gjevarsida slepp ein å følge med konstant, fordi avtalt sum går ut til avtalt tid. På mottakssida er det forutsigbart og dermed enkelt å planlegge vidare arbeid når vi veit kva som vil bli gitt i løpet av eit år.

Det skattefrie beløpet er endra til kr. 20.000,- for 2015 (kr 16.800,- i 2014) !

Endring av gåvebeløp for deg som har gjevaravtale:
Som gjevar til ein ImF-skule kan du kontakte ImF når du ønsker å gjere endringar på din gjevaravtale. Du kan sende ein e-post til imf@imf.no eller ringe 56 31 42 40. Du må opplyse om nytt gåvebeløp, og er du gjevar til fleire prosjekter må det også opplyses kva fordeling du ønsker. Endringa vil verte registrert på din gjevaravtale hos ImF og vil tidligst gjelde frå neste månad. Har du kontakta oss på e-post vil du motta ein e-postbekreftelse på at endringa er gjort.

ENDRING AV MAKSBELØP
Bankane krev at det ligg eit maksbeløp/beløpsgrense på AvtaleGiro-avtalen. Ved endring av gåvebeløpet må du eventuelt endre dette. Dette gjer du i nettbanken din eller ved at du tek kontakt med banken. Veit du at endringen er innanfor den månedlege beløpsgrensa du satte då du inngjekk gjevaravtalen, trenger du ikkje gjere noko.