Stadig auke i elevtal

Den nye Møre-skulen i Skodje kommune gler seg over stadig nye søkarar også for komande skuleår. Overgangen frå første til andre skuleåret endte med ei elevauke på 50%, og no ser prognosane ut til å gje nye 40% auke i overgangen frå andre til tredje driftsåret.

IMG_3667Rektor, Ingrid Kvam Steinshamn, er takksam for tillit frå foreldra som ynskjer å nytte seg av alternativet som Møre-skulen både er og arbeider for å vere. Skulen arbeidar no med planar for utviding av dei midlertidige skulelokala i Brusdalen, for å kunne huse det aukande elevtalet. Det vert også første gong skulen får eit 10.trinn, og det vert ekstra spanande å skulle få sende frå seg ein avgangsklasse etter endt eksamen våren 2018, fortel rektor.

«Vi har enno plass i alle klassane på ungdomsskulen, dersom det er nokon som lurer på å gå ungdomsskuleåra på Møre», fortel rektor Steinshamn.

Det kjem elevar både frå Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund kommune og bussforbindelsane er gode, så elevane kjem seg enkelt til og frå skulen, sjølv om ein må reise med buss. Vi prøver å nytte oss godt av det flotte naturområdet, både nært skulen i Brusdalen, og generelt i Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund. Særleg valfagsgruppa: Natur, Miljø og Friluftsliv får kjenne på skuledagar der ein er både «høgt og lågt» i terrenget (jfr bilete under).

Aktiv skulekvardag

Banner mai 2016 m logo

Skulen har høgt fokus på den kristne trua og tradisjonane som følger med kulturarven til den kristne historia. Utanom KRLE-faget, så følger skulen same læreplan som den offentlege skulen, men det vert sjølvsagt et generelt preg ved skulen når personalet arbeider med å fremje dei kristne verdiane i møte med liv og lære. «Vi ynskjer å gje framtidas vaksne utdanning, haldningar og verdiar med kjennskap til Gud og den kristne historia og kulturarven», understreker rektoren.

Forsidebilete KRLfaget

Interesserte og søkarar vert oppmoda til å ta kontakt med skulen for spørsmål.
Ellers er det muleg å følge skulen både på Facebook («Møre barne- og ungdomsskule Skodje») og på Instagram (@moreskodje) for meir inntrykk av skulekvardagen på Møre.