Har ein vanlege fag på Møre?

Ja, så absolutt!

Det er Utdanningsdirektoratet som godkjenner læreplanane for alle norske grunnskular, så også med dei private grunnskulane. Ein kan i liten grad ta vekk opplæringsmål frå Kunnskapsløftet, men står friare til å leggje til.

Møre barne- og ungdomsskule Skodje følgjer Kunnskapsløftet på lik linje med offentleg skule i dei fleste fag, men har eigne godkjende planar i nokre fag. Dette vil bl.a. sei at skulen ein eigen plan i faget kristendom med religions-, livssyns- og filosofiorientering som erstattar faget KRLE i offentleg skule. Elevane vil i samsvar med planane lære det same som i offentleg skule, men med dei tillegg skulen har i eigne planar.