Gode grunnar til å gå på Møre

Det er veldig mange ulike grunnar til at elevar vel å gå på ein kristen friskule, eller foreldre vel å sende born og ungdommar sine til ein slik skule. Nokre av grunnane er heilt sikkert korrekte, medan andre kan vere vanskeleg for skulen å vurdere.

Her er nokre av grunnane vi har høyrt frå elevar og foreldre ved Møre-skulane:
– «fordi miljøet er mindre og tryggare»
– «eg har hørt at både elevar og lærarar trivast veldig godt»
– «vi vel å sende borna på Møre fordi skulen ligg nært der vi bur»
– «lærarane er veldig gode med elevane»
– «vil gå på ein kristen skule»
– «det er ein kvalitetsskule i alle ledd»
– «det er lett å kome dit med buss»
– «har blitt erta og mobba der eg går på skule no»
– «det er lov å vere skuleflink på Møre»
– «vi som foreldre ynskjer å gjere eit bevisst verdival som kristne»
– «det er ein ny skule med stor idrettshall»
– «vil prøve noko nytt og ikkje gjere det same som alle andre»
– «miljøet på skulen der eg går er dårleg»
– «skulen har eit bra opplegg til dei som slit på skulen»
– «den offentlege skulen vert avkristna, og det ynskjer eg ikkje for mine born»
– «har hatt storesøsken som har gått der og vore nøgd»
– «alle ungdomsskuleelevane får PC vi kan bruke heime og på skulen»
– «har hørt at lærarane er gode til å undervise»
– «kjenner nokon som har gått der og hatt det veldig bra»
– «eg har høyrt berre positivt om skulen»