Er Møre livssynsnøytral?

Nei.
Skulen er open, ærleg og tydeleg på at den er basert på dei kristne grunnverdiane og det kristne menneskesynet. Dette er basisen for skulen og undervisninga, og det er også synleg i skulekvardagen. Elevane veit kva utgangspunkt både lærarar og andre tilsette har for si formidling av både kunnskap og tru og kan på den måten vere trygg på at skulen ikkje har noko skjult agenda.

Det er i tillegg viktig å presisere at elevane sjølvsagt får grundig opplæring i andre religionar og livssyn. Samt etikk og filosofi. 

Av og til vert den offentlege skulen presentert som livssynsnøytral. Elevane står dermed i fare for å bli innlært med at eit sekulært, ateistisk eller pluralistisk syn på livet er nøytralt.