SØK STILLING

Kristen friskule i Brusdalen
Sunnmøre Indremisjon (tilslutta Indremisjonsforbundet) er eigar av skulen, og er også eigar av Møre ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule på Søre Sunnmøre. Skulen starta opp
august 2015 med både barne- og ungdomstrinn same hausten. 
Undervisningsmålet er nynorsk. 

INTERESSERT I STILLING PÅ MØRE?

Det fjerde skuleåret vårt er godt i gang, og med elevar på 1.-10.trinn frå fire ulike kommunar i fylket har vi innhaldsrike dagar.
I tillegg er vi allereie i gong med å planlegge komande skuleår – der vi ventar nye elevar på dei fleste trinn.

Skulen søker no etter:

  • Spesialpedagog (eller lærar med erfaring
    med spesialpedagogisk arbeid)

Vi søkjer etter ein dyktig spesialpedagog/lærar med erfaring frå spes.ped-arbeid. Møre arbeider målretta med å lage gode rutiner rundt det spesialpedagogiske arbeidet ved skulen vår, og som ein del av spesialpedagogisk team vil du kunne verte ein del av dette arbeidet.

Meir informasjon om arbeidsoppgåver og stilling HER. 

Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.

Å etablere ein ny kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med levande kristendom på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.

Spørsmål om stilling ved skulen kan rettast til rektor Ingrid Kvam Steinshamn, rektor@moreskodje.no

Søknadsfrist: SNARAST

Utanom ordinær CV inkl både utdanning og arbeidserfaring,

så kan du som søkar gjerne fortelle noko om :
  • Kva for trinn du kan tenka deg å undervise på, fag, arbeidsoppgåver
  • Engasjement/interesser utanom arbeid
  • Kvifor du kan tenka deg å arbeide på ein kristen friskule
  • Kvifor du kan tenka deg å arbeide på ein skule i oppstartsfase

Søknad med CV sender du til  rektor@moreskodje.no

eller pr post:

Møre barne- og ungdomsskule Skodje
v/ rektor Ingrid Kvam Steinshamn
Brusdalsvegen 750
6260 Skodje