Kategoriarkiv: Nyhende

Personalet 2016-2017

Det nærmar seg skulestart for andre gong på Møre barne- og ungdomsskule Skodje, og det er mange som er spente på korleis dette året vert. Det er iallfall vi som skal arbeide her i år.

Personalet er klart, og det er ei auke i både lærarar og assistentar. Noko som er naturleg når det er 50% auke i elevtalet denne hausten.

Vi har her gleden av å presentere for dykk ein kombinasjon av dyktige, kompetente og engasjerte lærarar og assistentar som vil gjere sitt beste for at dette skal verte eit godt læringsår for oss alle.

Pr. august 2016 ser altså personalet ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje slik ut:
(Øverst frå venstre)

Personalet 2016-17 nr 2c m tekstMarianne Ødegård                      – kontaktlærar 1.trinn
Dag Øyvind Sæter                       – faglærar og rådgjevar
Gunvor Aarseth Dirdal              – faglærar/spes.ped
Lise-Kari Tennfjord Engås         – faglærar/spes.ped
Elisabeth Mattland Sandli        – assistent
Karoline Starheimsæter           – assistent
Nils Einar Berget                         – kontaktlærar 9.trinn
Hege Dalhaug                              – faglærar/spes.ped
Ingrid Fredly                                 – kontaktlærar 2.-3.trinn
Synnøve Solheim Rasmussen – assistent
Per Magnus Austnes                  – assistent
Kristine Kjerstad                         – faglærar/spes.ped

Personalet 2016-17 nr 1 m tekstÅshild Fauske Solevåg             – assistent
Therese Helgesen                     – kontaktlærar 4.-5.trinn
Kristine Bjørkavoll                   – assistent
Olgunn Oksavik                        – avd.leiar barnetrinn, SFO-leiar
Eivind Landro                            – assistent, timelærar
Kristin Barmala Woldsund    – kontaktlærar 8.trinn
Kristine Vik Magerholm         – faglærar
Ingrid Kvam Steinshamn        – rektor
Rebeca Hånes                            – faglærar
Martin Nøstrud                         – avd.leiar ungdomstrinn, faglærar
Kjersti Tengesdal Haug           – kontaktlærar 6.-7.trinn
Ingrid Eide-Opskar                     – morspermisjon
Mirjam Kleiveland                        – morspermisjon (lærling)

 

Leiter etter skuletomt

 

Styret for Møre barne- og ungdomsskule Skodje AS har auka intensiteten i leitinga etter permanent plassering av skulen. Foreldre, søkarar, kommune, Facebook-vener og andre interesserte er involvert, og tomteeigarar er blitt kontakta.

Skulen ønsker innspel på kvar skulen bør «slå seg ned», og vil gjerne at flest muleg av interesserte svarer på spørreskjema HER.
Spørsmål

 

 

 

 

 

 

 

Har du kommentarar, spørsmål eller forslag så er det også muleg å kontakte skulen
via mail: rektor@moreskodje.no. 

NB: Følg oss gjerne på Facebook (Møre barne- og ungdomsskule Skodje)

Banner mai 2016 m logo

Ungdomsskulen veks

Eit første skuleår ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje nærmar seg tentamenstid og sommarferie. Vi kan få sjå tilbake på eit spanande og innhaldsrikt år saman med flotte ungdommar. Ungdommane våre har verkeleg fått satt ein GOD standard for korleis ungdomsskuleåra kan vere, og korleis miljøet på ein kombinert barne- og ungdomsskule kan foregå. Vi er stolte av dei alle saman, og vi er takksame for at dei skal vere med oss nokre år til.

Annleis ungdomsskuleVi gler oss over at vi får ein ny ungdomsskuleklasse etter sommaren. Då kjører vi i gong med vår første 9.klasse, og vi er allereie i god gang med å fylle klassen med flotte elevar. Og vi har plass til fleire…

Kjenner du nokon som er nysgjerrig, og som kunne tenkt seg ei ungdomsskuletid på ein litt annleis skule: så tips dei gjerne om ta kontakt. Her er plass både i 8. og 9.trinn.

Alle dagane NN

 

Vi er overtydd om at ungdomstida er ei avgjerande tid for mange ungdommar. Ei tid med mange endringar, mange spørsmål og viktige valg vert tatt desse åra.

I ei viktig ungdomstid gutt

Velkomen til å ta kontakt med skulen om de ynskjer meir informasjon om skulekvardagen vår…

Mail: post@moreskodje.no
Tlf: 71 70 70 51

SØKNADSSKJEMA

Pass your values logo