Kategoriarkiv: Nyhende

Ny haust – nye muligheter

Eit nytt skuleår er i gang, og vi er spente på å få sjå nye og gamle elevar finne seg til rette.
I år er det knappe 80 elevar som fyller 1.-10.trinn, og det vert vår første haust uten at vi skal utvide til eit nytt trinn, eller justere rutiner etter elevtalauke. Det er i grunn litt godt det også.

Skuleleiinga har likevel utvida seg litt, og vi har fått ny inspektør og rådgjevar på ungdomstrinnet. Han heiter Runar Andersen, og har lang erfaring som lærar. Vi gler oss over å kunne starte eit skuleår med ein komplett skuleadm.

I tillegg til ny inspektør, så vil vi ila få dager ha ny ballbinge på skuleområdet. Dette prosjektet deler vi saman med Brusdal Idretts- og velforening, og vi er takksame for godt samarbeid for å kunne få eit slikt anlegg til skuleplassen vår. Vi gler oss til å kunne feire opning av ballbingen saman med foreldra no i september.

Vi vil ønske alle våre elevar, foreldre/familie og skulevener ein GOD HAUST med mange nye dagar og muligheter.

ELEVINNTAK for hausten 2018

Eit nytt skuleår er godt i gang – og vi gler oss over flotte elevar og innhaldsrike dagar i Brusdalen. Og sjølv om vi har enno mykje vi skal lære, oppleve og meistre dette året først – så er skuleadministrasjonen samstundes oppteken av å forberede neste års elevar til skulestart hausten 2018.

Har de søkt skuleplass, vil de verte kontakta av skulen og få informasjon om elevplass ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje.

Og har de ikkje søkt skuleplass enno
– så kan de gjere dette HERhttp://moreskodje.no/soknad-om-skuleplass/

Hjarteleg velkomen til å ta kontakt om det er noko de lurar på! 

 

Stadig auke i elevtal

Den nye Møre-skulen i Skodje kommune gler seg over stadig nye søkarar også for komande skuleår. Overgangen frå første til andre skuleåret endte med ei elevauke på 50%, og no ser prognosane ut til å gje nye 40% auke i overgangen frå andre til tredje driftsåret.

IMG_3667Rektor, Ingrid Kvam Steinshamn, er takksam for tillit frå foreldra som ynskjer å nytte seg av alternativet som Møre-skulen både er og arbeider for å vere. Skulen arbeidar no med planar for utviding av dei midlertidige skulelokala i Brusdalen, for å kunne huse det aukande elevtalet. Det vert også første gong skulen får eit 10.trinn, og det vert ekstra spanande å skulle få sende frå seg ein avgangsklasse etter endt eksamen våren 2018, fortel rektor.

«Vi har enno plass i alle klassane på ungdomsskulen, dersom det er nokon som lurer på å gå ungdomsskuleåra på Møre», fortel rektor Steinshamn.

Det kjem elevar både frå Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund kommune og bussforbindelsane er gode, så elevane kjem seg enkelt til og frå skulen, sjølv om ein må reise med buss. Vi prøver å nytte oss godt av det flotte naturområdet, både nært skulen i Brusdalen, og generelt i Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund. Særleg valfagsgruppa: Natur, Miljø og Friluftsliv får kjenne på skuledagar der ein er både «høgt og lågt» i terrenget (jfr bilete under).

Aktiv skulekvardag

Banner mai 2016 m logo

Skulen har høgt fokus på den kristne trua og tradisjonane som følger med kulturarven til den kristne historia. Utanom KRLE-faget, så følger skulen same læreplan som den offentlege skulen, men det vert sjølvsagt et generelt preg ved skulen når personalet arbeider med å fremje dei kristne verdiane i møte med liv og lære. «Vi ynskjer å gje framtidas vaksne utdanning, haldningar og verdiar med kjennskap til Gud og den kristne historia og kulturarven», understreker rektoren.

Forsidebilete KRLfaget

Interesserte og søkarar vert oppmoda til å ta kontakt med skulen for spørsmål.
Ellers er det muleg å følge skulen både på Facebook («Møre barne- og ungdomsskule Skodje») og på Instagram (@moreskodje) for meir inntrykk av skulekvardagen på Møre.